Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Opprett profil Logg inn
...

Gruppe

Lendmenn

Lendmenn spelar gammaldansmusikk og består av ottadølane Bjørn Kåre Odde (bratsj, fele), Øyvind Sandum (torader, trekkspel), Mads Erik Odde (trekkspel), Steinar Odde (gitar) og Bjarne Odde (kontrabass).

Lendmenn spelar fengande runddansmusikk med eit vitalt og utåtvent preg. Gruppa har vore aktive sidan 2005 og har spelt på fleire av dei store folkemusikkfestivalane i Noreg og Norden. Publikum og dansarar landet rundt har bite seg merke i den unike kombinasjonen av bratsj, toradar og trekkspel i drivande samspel med bass og gitar. All musikken dei spelar er tufta på dansemusikk, og dei meiner sjølv at musikken kjem til sin rett fyrst når det er dans til. Difor vart debutplata deira frå 2015, «Den fyrste», spelt inn med dansarar i lokalet. Repertoaret er sprekt og variert med ei god blanding av tradisjonelle og nyare komposisjonar. Lendmenn har vunne gruppespel under Landsfestivalen i gammaldansmusikk tre gongar; i 2017, 2018 og 2022!

Logg inn for å legge igjen kommentar eller tilbakemeldinger.