
Artist
Mads Erik Odde
Mads Erik Odde (f. 1991) er ein musikar og musikkpedagog frå Garmo i Lom.
Mads Erik er mykje nytta som dansespelemann og instruktør, og er blant anna medlem i konstellasjonar som Lendmenn og Gjevre, Odde & Vårdal, i tillegg til å ha eigne prosjekt. Han har utdanning frå folkemusikklina på Vinstra og Norges musikkhøgskule, der han fullførte mastergraden i 2017. Mads Erik fekk Spelemannprisen for soloplata «Logne slåttar» i kategorien Folkemusikk/Tradisjonsmusikk i 2021. Han fekk Folkelarmpris for same utgjeving i 2020, der han også vann pris for beste dansespelplate saman med Gjevre, Odde & Vårdal. Odde har ei rekkje sigrar på Landsfestivalen, både som solist og i gruppe- og lagspel.
I tillegg til å vere frilans musikar jobbar Mads Erik som lærar ved forskjellige kulturskular i Nord-Gudbrandsdalen