Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Opprett profil Logg inn
...

Gruppe

Vesterveg

Vesterveg er ein norsk-britisk trio der hardingfela møter sekkepipa og smeltar saman med toradaren til ein unik sound som blandar det beste av skandinavisk og britisk folkemusikk.

Vesterveg består av tre profesjonelle utøvarar:

Lisa Haugeland (NO) - fele og hardingfele
Bob Downham (EN) - fløyter og irsk sekkepipe
Ingrid Sørheim (NO) - durspel

Gjennom å henta repertoar og musikalsk arv frå heile breidda av Skandinavia og dei britiske øyer, eksperimenterer Vesterveg med deira felles musikalske historie og miksar det beste frå musikarane sine tradisjonar. 

Musikken deira blandar saumlaust originale arrangement med eldgamle tradisjonelle slåttar og moderne komposisjonar. Resultatet blir eit unikt og mangfaldig lydbilete ulikt alt anna.

Når Ingrid sitt kraftfulle durspel møter Lisa sitt hypnotiske felespel og smeltar saman med Bob sine lyriske fløyter og sekkepipe, oppstår ein dynamisk miks som kjenner seg heime i folkemusikken, men som har ei frisk og moderne innpakning.

Trioen vart danna i 2018 då Ingrid Sørheim og Astrid Garmo reiste i "vesterveg" til Newcastle University i England for å studera britisk og irsk folkemusikk. Møtet mellom durspelet, hardingfela og sekkepipa resulterte i ein unik sound, og dei utforskar grensene mellom norsk og britisk folkemusikk med energiske og friske arrangement. 

"Vesterveg tar med lyttaren på ei musikalsk reise vestover.
Ved å miksa tradisjonelle og moderne melodiar frå Noreg og Dei Britiske Øyer skapar Vesterveg ein unik kombinasjon av lyrisk og kraftfull musikk.
Alt bygd på ein djup respekt for deira eigne tradisjonar." - Catriona MacDonald, felespelar i String Sisters

Logg inn for å legge igjen kommentar eller tilbakemeldinger.