Gruppe
Suigard
Suigard er ein duo i spagat mellom nyskaping og tradisjon, med hardingfele/fele og el-gitar/gitar.
Sunniva Langås-Røiland frå Bø og Vegard Hosarøygard frå Lom er studentar ved Noregs musikkhøgskule, der dei møttest hausten 2024. I løpet av sine to år som duo, har dei opptrådd på norske festivalar, som Telemarkfestivalen og Dølajazz, vore på turné på Helgeland og i Belgia, varma opp for Malin Pettersen på Rockefeller og spelt mange konsertar i store salar og små stover. Til hausten er dei blant dei seks finalistane i årets Introfolk.
Suigard komponerer musikken sjølv, med eit særskild fokus på dansetakt. Repertoaret leiker med kontrastane mellom nytt og gamalt – slik som instrument-samansettinga. Dei baserer musikken hovudsakleg på norsk folkemusikk, men er også inspirert av keltisk og amerikansk folkemusikk. I tillegg er det impulsar frå annan musikk dei likar, som rock, jazz og blues. Suigard ønskjer å gi ei musikalsk oppleving i ny tradisjon — som får det til å rykkje i dansefoten.
English:
Suigard is a duo balancing innovation and tradition, with Hardanger fiddle and guitar.
Sunniva Langås-Røiland (Bø) and Vegard Hosarøygard (Lom) met at the Norwegian Academy of Music in 2024. In their first year together, they’ve played festivals, toured Helgeland and Belgium, and performed in both concert halls and living rooms. This autumn they are nominated for Introfolk.
They compose their own dance-driven music, inspired by Norwegian folk and with hints of celtic, rock, jazz, and blues — creating a new tradition that makes your feet move.