
Gruppe
Reitir
Bandet Reitir, med Aasmund Nordstoga, Sarah Jane Summers og Ingebjørg Lognvik Reinholdt i front, spelar og syng skotske folketoner med tekstar av den skotske nasjonaldiktaren Robert Burns.
To røynde kvedarar frå djupaste Telemark, saman med ein av samtidas beste skotske felespelarar, kan det bli betre? Ja, med virtuose gitarist Juhani Silvola, og allsidige Morten Kvam på kontrabass. Det serveres nye freske arrangement på skotske folketonar og slåttar, og alt på klingande vest-telemål.
På denne konserten blandas nye arrangement av folkekjære melodiar som Auld Lang Syne og A Red Red Rose blandes med skotske fartsfylte dansesullar til livligere dikt som Rigs o’ Barley og Weary fa’ you Duncan Gray. Frå 2026 blir det også blanda inn norske folketonar - for eit endå nærare møte mellom dei to tradisjonane.
Peter Fjågesund, professor i britisk litteratur og kulturkunnskap, har omdikta Burns sine viser til dialekt. Han skriv: Burns skreiv sjølv på dialekt, og bruken hans av dialekt var eit viktig «statement» for å gje prestisje og kraft bak språket til vanlege menneske, som sto utanfor den kulturelle eliten. Dette var faktisk eit hovudbodskap i heile romantikken, og Burns var ein av nybrotsmennene for denne tanken; han er ein periferiens mann som lyfter fram periferiens kultur i konkurranse med sentrumskulturen.
Med inspirasjon frå kveding og rota i Sarah Jane sin skotske tradisjon blir konserten som sitt eige vesle grenseland ein stad uti Nordsjøen som hyllar dialektar, dei folkelege visene og den nære poesien til folkediktaren Burns.
Reitir oppstod og gjorde sin første turne i 2020-2021, publikum tok det imot med så mykje åtgaum at dei krevde ei plate. "ei magisk konsertoppleving" Magne Brekke, Lyngheimtunet. Albumet frå 2024 har fått strålande kritikkar frå både inn- og utland.
«Fe Alt Som Eingong Va is a brilliant idea and a beautiful album that will sweep you along with the obvious enjoyment of the performers.»
Reitir – Alt Som Eingong Va – Folking.com review by Dai Jeffries
Aasmund Nordstoga – vokal
Ingebjørg Lognvik Reinholdt – vokal
Sarah Jane Summers – fele/kor
Juhani Silvola – gitar
Morten Kvam – kontrabass/kor
«the songs of Robert Burns have potency and power with the playing and singing of Reitir offering warmth, sweetness and punch.»
Reitir – Fatea review by Marc Higgins
«Fe Alt Som Eingong Va is a brilliant idea and a beautiful album that will sweep you along with the obvious enjoyment of the performers.»
«Fe Alt Som Eingong Va is an absolutely delightful record and I can’t recommend it too strongly.»
Reitir – Alt Som Eingong Va – Folking.com review by Dai Jeffries
Vocals: Ingebjørg Lognvik Reinholdt/Aasmund Nordstoga
Fiddle: Sarah- Jane Summers
Guitar: Juhani Silvola
Double bass: Morten Kvam
Utvidet profil