Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Opprett profil Logg inn
...

Gruppe

Rakkarpakk

Rakkarpakk er ein kvedartrio som baserer seg på den vokale, norske tradisjonsmusikken i eit trestemt format. Med påverknad frå, og dyrking av medlemma si verksemd innan andre sjangrar som tidlegmusikk, improvisasjonsmusikk og ensemblesong, skapast gruppa sitt unike uttrykk.

Rakkarpakk er ein kvedartrio som baserer seg på den vokale, norske tradisjonsmusikken i eit trestemt format. I musikken fokuserer dei på ein improvisatorisk tilnærming til arrangering, som ivaretek den solistiske kvedartradisjonen, men òg utfordrar dei etablerte rammane for vokal folkemusikk i ensemblesamanheng. 

Forteljing og folkesong har alltid gått hand i hand. Gjennom århundrar har historier og songar vorte spreia i situasjonar der folk møtest, og det er denne forteljartradisjonen Rakkarpakk som gruppe identifiserar seg med og vil utforske. Dei set pris på både tradisjonskunnskap og leik i sitt uredde uttrykk - dei er rakkarar. 

Rakkarpakk gjorde en pangdebut i open klasse under Landskappleiken i 2019. Sidan då har dei gjennomført fire juleturnear (streamingkonsert i 2020) derav tre i samarbeid med toradarspelar Amalie Kinsarvik Tvilde, ein konsertserie på Fuglen i Oslo samt sumarturnear i Jotunheimen i 2021 og 2022. Sumaren 2022 stakk dei i tillegg av med ein gjev andreplass i kategorien open klasse under Landskappleiken i Rjukan.

Seinast var gruppa aktive med konsertserien KVADBAD - ei musikkoppleving i skjønn forening med badstovenyting og bad! Med ei trå etter å kome nærare publikum gjennom musikken utarbeida dei dette saman med Oslo badstuforening i 2022, og sette startskotet allereie same haust. Saman med gjestekvedarar held dei intimkonsertar inne i og utanfor badstovene nede ved Sukkerbiten i Oslo.


Foto: Embla Åslein

Logg inn for å legge igjen kommentar eller tilbakemeldinger.