Artist
Martin Steinum Brun
Martin Steinum Brun er songar fra Vågå i Gudbrandsdalen. Han er soloutøvar, samstundes som han arbeider i og med fleire ensemble som musikar og arrangør.
Martin Steinum Brun er songar og tradisjonsberar frå Vågå i Gudbrandsdalen. I sin musikk leiar han lyttaren med seg inn i folkesongens mange forteljingar, alt frå det absurde og humoristiske til det nakne og personlege. I tillegg til songen nyttar han kraviklyre og bygdeharpe i sitt uttrykk.
Brun har i løpet av dei siste åra hevda seg som ei sterk stemme på den unge, norske folkemusikkscenen, og vart seinast kåra til Årets unge folkemusikar under Folkelarmprisen 2024. I tillegg til sitt arbeid med folkemusikk jobbar han jamleg med prosjekt innan andre musikktradisjonar, og kan vise til samarbeid med ensemble som Det Norske Solistkor og Kringkastingsorkesteret (KORK).
Han har utdanningsbakgrunn frå Griegakademiet og Norges Musikkhøgskole innan både klassisk- og folkemusikk. Med ei tå i fleire musikkmiljø utfordrar han stadig dei gjevne ramane til tradisjonsmusikken i sine framføringar og arrangement - likevel med eit ynskje om å ivaretaka nærleiken som gjennomsyrar folkemusikken.
Foto: Ferdinand Schwarz
Logg inn for å legge igjen kommentar eller tilbakemeldinger.