Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Opprett profil Logg inn
...

Gruppe

Odde & Holmen

Bjørn Kåre Odde (bratsj, fele) og Sivert Holmen (hardingfele, hardanger d\'amore) utfordrar både seg sjølve og tradisjonsmusikken med spennande instrumenteringar.

Saman vart dei kåra til Årets Unge Folkemusikarar i 2015, og seinare har dei gjeve ut albuma “Sumarmorgon” (Grappa, 2016) og “Føreferd” (Melovitten, 2023). Musikken deira er basert på tradisjonsmusikken på hardingfele, men er opptatt av å dra inn improvisasjon i framføringane sine. 

I starten ynskte duoen å presentere tradisjonsmusikken dei har vakse opp med: Hardingfeleslåttar frå Valdres og felemusikk frå Gudbrandsdalen. I seinare år har det utvikla seg meir mot det litt eksperimentelle - ein slags samansmelting av tradisjonsmusikk, improvisasjon og kunstmusikk, med den slåttesymfoniske stilen til Eivind Groven som eit viktig førebilete.

Logg inn for å legge igjen kommentar eller tilbakemeldinger.