Gruppe
Linda Røyseth Sandhåland & Bjørn Schille
Linda
Røyseth Sandhåland (kveding) og Bjørn Schille (hybridgitar) er busett i Alver i
Nordhordland. Dei har samarbeidd i fleire formidlingsprosjekt med lokale
barnesongar på Strilalandet kring Bergen sidan 2020, men det var først i 2025
at dei debuterte som duo då dei fekk førespurnad om å framføre
mellomalderballaden "Draumkvedet" på trettandedagen i samband med ei
kunstutstilling på Galleri Rustica. Framføringa fekk svært positive
tilbakemeldingar, og i 2026 vart deira tolking av "Draumkvedet"
tilgjengeleg på CD og strøymetenester. For denne har dei hausta gode kritikkar:
"Sandhåland
har så stø stemme og tone, og ornamenteringa og tonaliteten er stilsikker og
gjennomført. Schille ligg heile tida i bakgrunnen med sin åttestrengs
hybridgitar, det blir meditativt og suggererande. (...) Dette er ei
kvalitetsplate som fortener å bli høyrd av mange. (...) vonar å høyre mykje
meir av denne duoen i åra som kjem!" (Frå platemelding i Folkemusikk,
1/2026).
I
samarbeidet utforskar dei det musikalske landskapet mellom kveding og
hybridgitar. Dei tek utgangspunkt i eldre folkesongmateriale som framleis har
evna til å røre ved universelle kjensler i oss menneske, sjølv etter si lange
vandring gjennom tid og rom. Våren 2026 gjev dei fleire konsertar med namnet
"Ætteklang" med dette utgangspunktet.
ENGLISH SUMMARY
The duo of Linda Røyseth Sandhåland (traditional singing, kveding) and Bjørn Schille (hybrid guitar) is based in Alver, Nordhordland. Although they have collaborated on projects involving local children’s songs in the Bergen region since 2020, they officially debuted as a duo in 2025 when invited to perform the medieval ballad Draumkvedet at an art exhibition at Galleri Rustica. The performance garnered many praises, and in 2026 their interpretation was released on CD and streaming platforms to positive critical reviews, highlighting Sandhåland’s steady voice and stylistic precision alongside Schille’s atmospheric, meditative guitar work.
Together, they explore the musical space between traditional vocal expression and contemporary guitar textures, drawing on older folk material that continues to resonate with universal human emotions. In spring 2026, they present a serie of concerts under the title “Ætteklang,” based on this artistic approach.