
Artist
Vegard Hansen
Vegard Hansen har trekkspel/durspel som hovudinstrument. Spelar også kontrabass og gitar. Han er både soloutøvar og pedagog i tillegg til å spele i ulike gamaldansgrupper
Vegard Hansen er tradisjonsbærar av tradisjonsmaterialet frå Aure på Nordmøre, og har spesielt fordjupa seg i runddanstradisjonen frå kyststrøka i regionen. I tillegg har han også mykje erfaring med runddans og slåttespel frå Gudbrandsdalen. Repertoaret spenner seg frå både dansemusikk, bygdespel, gammaldans og lydarslåttar. Han spelar òg i gruppene Sindre & co, Skrot og Strengjarhaugen spelemannslag (studentspelemannslag tilknytta Ole Bull Akademiet). Har turnert ein del saman med felespelar Ragna Valde Sletten.
Som pedagog er Vegard tilsett i Kvam Kulturskule i Hardanger og i Osterøy spel-og dansarlag. Er også nytta som instruktør i Toradarskulen på Voss og på innføringskurs i folkemusikk og folkedans på Ole Bull Akademiet.
Han har studert utøvande folkemusikk ved Ole Bull Akademiet og er i hovudsak frilans musikar
Han har vunne durspelklassa i NM på trekkspel fleire gongar, og har spelt finale på Landsfestivalen i gamaldansmusikk både i gruppespel og i andre instrument senior. Har også ein pallplass i åpen klasse på Landskappleiken.
Foto: Knut Utler