
Artist
Unni Løvlid
Unni Løvlid, folkesongar frå Hornindal. Unni er soloutøvar, solist og ensemblemusiker. Unni arbeider innan feltet folkemusikk og samtidsmusikk.
Unni Løvlid ein av våre mest ettertrakta folkesongarar. Ho har sine røter i folkemusikken, men har i heile si karriere og arbeidd med samtidsmusikk. Ho har gjennom si utøving valt å jobbe bredt med alt frå barnekonsertar, til å være solist med orkester, jobba med band, gjennomført samarbeid med songarar som EVA-quartet og Annie Ebrel. Ho har turnert store delar av verden og gitt ut produksjonar som So ro liten tull, VITA, RITE, LUX, HYMN og Seven winds. I 2022 ga ho ut albumet UNAMNA saman med Ingfrid Breie Nyhus og Anne Hytta, der dei har bearbeida folketonene Edvard Grieg brukte i sitt opus 66. Saman med Marianne Baudouin Lie (cello) har ho duoen Svarteboka, der dei går inn i ulike type av tonalitet frå eit musikerperspektiv.
Unni er fyrste amanuensis og leiar av folkemusikkstudiet ved Norges Musikkhøyskole og frilans utøvar.
Ho har motteke fleire prisar og utmerkelsar, mellom anna Statens kunstnerstipend, Gammelengprisen og Spellemannsprisen.
Agent for Europa: Elen Music & Dimiter Panev panev@elenmusic.com