Artist
Trio Tragder
Folkemusikk frå Nedenæs Amt og Raabyggelaget, og grensetraktene i Telemark.
Trio Tragder består av
Nina Byttingsmyr (fele/hardingfele)
Torgeir Tønnevold Fiane (trøorgel)
Olaf Moen (vokal/harpeleik)
Trioen byr på tradisjonsmusikk i nygamal drakt, dei tar for seg dei djupaste sorger og dei lettaste gleder! Her spenner det frå drukningsulykker i Froland til bollerunde Guri og sydhavsstemningar, eventyrlege brudemarsjar og heseblesande rilar - alt binde saman med funfacts og digresjonar og avsporingar. Det er vokalt, det er instrumentalt og ikkje minst allsang, for er det nettopp noko vi treng no, så er det å synge saman!
Logg inn for å legge igjen kommentar eller tilbakemeldinger.