Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Opprett profil Logg inn
...

Artist

Solveig Brekke Hauknes

Solveig Brekke Hauknes (f. 1993) er folkedansar og produsent frå Bærum, no busett i Vågå. 

Solveig er ein engasjert folkedansar og instruktør, som har dansa stort sett heile livet. Ho har eit brennande engasjement for folkedansen og folkemusikken, og elskar å dykke ned i dei små detaljane i lag med andre. Ho har særskilt god kompetanse om runddans/gamaldans og pols, men underviser også i andre tradisjonsdansar. Solveig har holdt ei rekke kurs for nybyrjarar, godt erfarne dansarar og for både unge og eldre. 

Solveig har folkedansutdanning frå NTNU med faga "Tradisjonskunnskap og tradisjonspraksis" og "Norsk folkeleg dans". I tillegg er ho utdanna som prosjektleiar innan kunst og kreativ næring. 

Solveig er A-klassedansar på kappleik og har vunne Dans Fele A fleire gonger. Ho har også fleire sigarar i pardans senior på Landsfestivalen.

No jobbar Solveig som folkedansrådgjevar i organisasjonen Noregs Ungdomslag. Ho er også medeigar og produsent i Melovitten, eit plateselskap og kulturproduksjonsselskap som ho driv i lag med ektemann Bjørn Kåre Odde.
Solveig er også utøvar på hardingfele og arrangør av festivalar og konsertar.


(Foto: Kulturfotografen AS, Thor Hauknes)

Logg inn for å legge igjen kommentar eller tilbakemeldinger.