
Artist
Solfrid Nestegard Gjeldokk
Solfrid Nestegard Gjeldokk er folkesongar, med repertoar hovudsaklig frå Hallingdal og Telemark.
Solfrid Nestegard Gjeldokk (f.1987) er folkesongar, med repertoar hovudsaklig frå Hallingdal og Telemark. Ho har studert på Ole Bull akademiet og har òg jobba mykje innanfor både korsong, viser, jazz, og pop. Solfrid N. Gjeldokk har stor kjennskap til religiøse folketoner og salmer, og er ein røynd solist.
Solfrid Nestegard Gjeldokk gav i desember 2023 ut debutplata si Solhov, ei juleplate der Espen Wensaas (gitar, cittern), Lars Inge Tverberg (tråorgel) og Johan Hedin (nøkkelharpe) medverkar. Denne plata vart kåra til Årets album i klassa Samspill gruppe/ensemble på Folkelarmprisen 2024 og vart også nominert til Spellemannsprisen same år.
Solfrid Nestegard Gjeldokk (f.1987) is a folk dancer and folk singer from Hallingdal, with her main repertoire from Hallingdal and Telemark. She has studied folk music at the Ole Bull Academy, and released her debut album Solhov in December 2023. This album was awarded Best album (group/ensemble) at Folkelarmprisen 2024 and was nominated to Spellemannsprisen.