
Gruppe
Sluppen Grafokordlag
Kva får du om du kombinerer 80-talssynth med slåttar, stubbar og salmetonar? Folk fusion-bandet Sluppen Grafokordlag, med røter i Trøndelag og på Nordmøre, har marinert
tradisjonsmusikken i ulike innfallsvinklar og tekstar på dialekt, og byr på originalitet, kreativitet og leikenheit. Med musikarar bevandra i jazzen, folkemusikken, punkrocken og kyrkjemusikken blir eit mangfald av uttrykk saumlaust koordinert i eit spennande lydbilde, med eit nikk til 70-talets visepop.
Det spennande og til dels ukjende tradisjonsmaterialet som finst i denne regionen, blir løfta fram slik som dei er, som berande element i nye arrangement eller som grunnlag for nye låtar. Målet er å levandegjere musikken med to tankar i hovudet på same tid: å ta kjelder, former, opptak og tradisjon på alvor, samstundes som ein står fri til å leike og forme om med ein variert instrumentpark.
Nettside: https://www.sluppengrafokordlag.com
Medlemmar:
Runa Kvalsund (vokal, banjo)
Frank Hannasvik (trommar, koring)
Maren Barlien (synth, harmonium, fløyte, koring)
Ragnhild Nelvik Bruseth (bass)
Erlend Haseth (gitar)
Foto: David Aasen