
Artist
Sindre Tronrud
Sindre Tronrud (f. 2000) er ein hardingfele- og felespelar frå Valdres, som er busett i Oslo. Han er nytta både som soloutøvar og dansespelemann.
Sindre Tronrud, frå Fagernes i Valdres, har tross sin unge alder gjort det stort på den norske folkemusikkscenen. Bakgrunnen stammar fra det klassiske, men i dei siste åra har hardingfela stått sterkt i fokus. Repertoaret består hovudsakleg av bygde/- dansemusikk og lyarlåttar fra Valdres, men gjennom ulike studier har han tilegna seg slåttemateriale frå spesielt Telemark. Han er aktiv i fleire grupper, deriblant Ingunn Bjørgo Band, pop-bandet RBLS og fusion-bandet TENDO.
Den klassiske musikken har vore dyrka ved siden av folkemusikken i mange år, då han har spelt i fleire symfoni- og kammerorkester, med høgdepunkt som solist med Guro Kleven Hagen ved Valdres Sommersymfoni i 2016.
Han har vore kurshaldar på hardingfele ved fleire anledningar, i både innland og utland. Sindre er også mykje nytta som dansespelemann på kurs.
For tida studerer Tronrud utøvande folkemusikk ved Norges Musikkhøyskole, og arbeider som frilans utøvar. Tidligare har han også studert ved USN Rauland.
Sindre har motteke fleire prisar og utmerkelsar, mellom anna Drømmestipendet (2017), Furestipendet (2018), Torleiv Bolstads minnestipend (2022) og Fureprisen (2022).