Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Opprett profil Logg inn
...

Artist

Nina Byttingsmyr

Nina Byttingsmyr er felespelar og pedagog frå Froland. 

Nina spelar musikk frå dei austre bygdene i Agder og frå Setesdal. Ho har studert bachelor i Tradisjonsmusikk ved Høgskulen i Telemark, med Ånon Egeland som læremeistar. Ho er òg utdanna adjunkt ved Høgskulen i Volda og har eit lite hjerte for musikken frå Møre og Romsdal. 

Nina arbeider til dagleg som felepedagog i Kulturskolen Øst i Agder og er musikalsk leiar i Sørlandet Spelemannslag som held til i Arendal. Ho er òg leiar i Aust-Agder Ungdomslag og har mange år i styret i Noregs Ungdomslag bak seg. 

Dansen ligger hjertet hennar nært og ho liker godt å vere dansespelemann både på kurs og dansekveld. Ho er òg ein erfaren kurshaldar i dans, særleg runddans og barnedans. 

Nina spelar i Trio Tragder saman med Olaf Moen og Torgeir T. Fiane og i bygdecountry i bandet Bootlegs. 

Logg inn for å legge igjen kommentar eller tilbakemeldinger.