Artist
Marius A. M. Monrad
Marius er hardingfeleutøvar frå Risør i Aust-Agder, busett på Holt i Tvedestrand.
Marius speler hardingfele i Agder- og Telemarks tradisjon. Han er ein mykje bruka dansespelemann på Agder, og har oppnådd ei rekke fyrste- og andrepremiar på kappleik.
Marius starta reisa si med hardingfela i ung vaksen alder, og lærte mykje spel i studietida i Bø og Seljord. I tillegg til dette har han gjennom aktivitet i heimeområda plukka opp ein god del spel frå dei ulike tradisjonane på Agder, såvel som litt setesdalsspel.
Marius har fleire år bak seg i spelemannslag, og har vore musikalsk leiar i Kristiansand spel- og dansarlag, og leiar i folkemusikklaget Bordun.
Logg inn for å legge igjen kommentar eller tilbakemeldinger.