Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Opprett profil Logg inn
...

Artist

Magnhild Garnås Haugen

Magnhild Garnås Haugen er ein folkesongar frå Hjartdal i Telemark, busett i Oslo.


Med sterke folkemusikk-røter i Aust-telemark har Magnhild sidan bardommen lært å kveda av mor og bestemor, Ingvill Marit og Agnes Buen Garnås.  I dag tek ho ein bachelor i utøvande folkemusikk på Noregs Musikkhøgskule, og er aktiv frilans både som pedagog, soloutøvar og i ulike grupper og ensemble, både med tradisjonelt og nyare materiale.


Med eit breitt repertoar og rik kunnskap om tradisjonen, tek ho med publikum inn i historiske slag og tragiske kjærleiksviser, opp på setervollen eller ut på dansegolvet. Historiene bak musikken veg tungt, og som utøvar jobbar ho for å formidle desse forteljingane og stemningane, gjennom songen. Magnhild har også tileigna seg eit særeigent og breitt slåtterepertoar, og jobbar engasjert med oversetjing av slåttar frå hardingfele til vokal. Ho har på kort tid blive ei mykje bruka "spelkvinne", på kappleik og på fest, og vann i 2025 prisen for beste dansespel på Vinterkappleiken i Rauland.



Trass ung alder har Magnhild utmerkt seg på kappleiksscena, og rykte opp i A-klassa ved landskappleiken i Eidfjord i 2025. Våren 2024 mottok ho Norsk Tippings Drømmestipend og Skue Sparebanks Talentstipend. Hausten 2025 var ho engasjert som produsent og kurator, i samband med riksscena og Telemarkfestivalen sine minnekonsertar for Agnes Buen Garnås. Som pedagog har ho mellom anna jobba som "mentor" i Hjartdal kulturskule, og som songlærar i UFO (Unge Folkemusikere i Oslo). 





contact for english information.

foto: Isa Holmgren

musiker-cv sendast ved ynskje. 


Logg inn for å legge igjen kommentar eller tilbakemeldinger.