Artist
Ingrid Lingaas Fossum
Trakterer langeleik, song og lyre
Ingrid
Lingaas Fossum (f. 1991) frå Valdres er ei av dei fremste unge
langeleikutøvarane i landet. Ho har spelt langeleik sidan ho var åtte år, og
har sterke røter i den levande langeleiktradisjonen. Ho er oppteken av å lyfte
fram det tradisjonelle spelet, samstundes som ho utfordrar langeleikens
bruksmåte. Ingrid har ein bachelorgrad i tradisjonsmusikk frå Ole
Bull-Akademiet, og jobbar no fullt som frilansmusikar. Samstundes har ho byrja
på ein mastergrad i utøvande folkemusikk ved Noregs musikkhøgskole (NMH), som
den fyrste i historia med langeleik som hovudinstrument. Ho har alt motteke
fleire prisar og utnemningar for arbeidet sitt, blant anna som årets
Hilmartalent frå 2022-2024. I 2025 er ho nominert til Folkelarmpris for tre
ulike prosjekt.
I 2024, under 500årsjubileet for den eldst daterte langeleiken i Norge, gav Ingrid ut ei dokumentasjonsplate med 12 gamle langeleikar – blant anna jubilanten sjølv, datert 1524. Denne plata har alt fått mykje god kritikk, og er svært viktig som dokumentasjon av den rike og levande langeleiktradisjonen i Noreg. I tillegg til å vere ein sterk soloutøvar, gjer ho ein rekkje samarbeidsprosjekt med andre utøvarar. Hovedprosjekta hennar er duoen Himmelleite, folkesongtrioen Treak, og forestillinga “Danse mi dokke, springe min hest”. Elles har ho jobba med å arrangere for strykekvartett, og vore gjest blant anna med Erlend Viken Trio, POING og med folkrockbandet Gangar. Ho har gjort ein rekkje samarbeid med musikarar i søraustlige Afrika, der ho budde i fleire år.
I 2024 hadde ho regi på det store 500årsjubileet til langeleiken på Riksscenen, der ho òg skreiv bestillingsverket «Solrenning», eit verk for 6 langeleikar med ulik tonalitet.