Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Opprett profil Logg inn
...

Artist

Hannah Moira Midtbø-Bruner

Hannah Moira Midtbø-Bruner (f. 2004) er hardingfele- og felespelar frå Osterøy, Hordaland og Canwood, Canada. Ho er både soloutøvar og pedagog. Ho er òg ein mykje nytta dansespeledame.


Hannah Moira er ein folkemusikar med hjartet i både norsk og canadisk tradisjon. Repertoaret spenner seg frå både den norske dansemusikk, bygdespel, gammaldans og lydarslåttar hovudsakleg frå vestlandet, og har i seinare tid byrja å fordjupa seg i tradisjoner fra Telemark, Hallingdal, Gudbrandsdalen, Nordland og mykje meir. Med ein canadisk folkemusikkpianist som far (Trent Bruner), har ho også eit sterkt forhold til  canadisk old time alt fra fransk-canadisk musikk og vest-canadisk og irsk/skotsk tradisjon. Tidlegare har ho spelt i folk-rock bandet «Godlynt» som har blant anna spelt på Førdefestivalen, Folkelarm, Colombi Egg m.m. No har ho, saman med Ivar Blekastad Haugen, starta ei fele- og trekkspel duo som utforsker og tolker ny-komponerte tradisjonsslåtter frå familie og folk rundt seg, og arrangerar dei gamle tradisjonelle slåttane. Hannah Moira trivs veldig i både tradisjonell spel, å kombinere både norsk og canadisk folkemusikk med andre sjangere samt drive med andre sjangere som rock, blues, pop, jazz osv.  

Ho studerar utøvande folkemusikk ved Norges Musikkhøyskole og arbeider for tida som frilans utøvar og pedagog. Ho har dreve med mykje undervisning, både privat og på kurs i både Norge og USA. 

Hannah Moira har motteke fleire prisar og utmerkelsar, mellom anna Drømmestipendet (2020), Talentpris for Arna og Osterøy (2020), Audhild Flaktveit Moxnes minnepris (2020), Furestipendet (2022) og Bolstadprisen (2023). I 2022 vart ho vinnaren av Hardingfele C på landskappleiken i Rjukan og vann ei Steintjønndalen hardingfele, og i 2025 vann ho klasse Fele B på landskappleiken i Eidfjord. Same år rykka ho opp i A-klassa på hardingfele. 

I summar 2024 deltok ho i The Grand North American Old Time Fiddle Champion i Champion Class (A-klassen) i Canada. 


Foto: Knut Utler, Tuvasblodklubb 2024

Logg inn for å legge igjen kommentar eller tilbakemeldinger.