Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Opprett profil Logg inn
...

Artist

Geir Marius Thorud

Geir Marius Thorud er ein aktiv folkemusikar frå Sel i Gudbrandsdalen. Han trakterar fleire instrument, men er mest kjent som spelemann på trekkspel og durspel. Thorud har vore spelemann i over 20 år og har spelt mykje til dans både på festivalar, treff og andre lag. 

I tillegg til å vere ein dreven dansespelmann har Thorud eit stort repertoar innan folkemusikk som er egna til konsert. Han har i tillegg til å setje opp fleire eigne konsertprosjekt vore med andre musikarar på utallige konsertar og forestillingar gjennom åra. Geir Marius Thorud trakterar, forutan den heimlege musikken frå Gudbrandsdalen, musikk frå både vestlandet, Trøndelag, Nordøsterdalen- og Røros, Jämtland og Härjedalen, Dalarna og omegn, Finnskogen, samt finare flatbygdsmusikk frå austlandet. 

Geir Marius Thorud er ein allsidig spelemann som like gjerne spelar til dans som til konsert. Det er likevel når han spelar til dans, anten aleine eller saman med andre, som eksempel i gruppa Jutullaget der han er medlem, at han trives best. Thorud likar svært godt å få med seg publikum både i dans og humor når han går på scena. - Eg er ein habil spelemann som ønskjer å treffe publikum og arrangørar frå både inn og utland seier Thorud.

Fotograf: Thomas Westling

Logg inn for å legge igjen kommentar eller tilbakemeldinger.