Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Opprett profil Logg inn
...

Artist

Britt Elise Skram

Britt Elise Skram er felespelar frå Vestnes i Romsdal. Ho er mykje nytta som soloutøvar, og spelar også mykje til dans.

Det er tradisjonsmusikken frå Romsdal som er i hovedfokus, men ho har også slåttar frå heile fylket og regionen på repertoaret. Det spenner seg frå bydedansmusikk og gammaldans, til såre visetonar og lyarslåttar.

Britt Elise Skram er aktiv i fleire grupper, som i duen Skram/Bjørdal, Særsvip, Vangsgutane, Walter Barth og Kystfolket.

Ho har studert utøvande folkemusikk frå Norges Musikkhøgskole, og er no frilans musikar på heiltid.

I 2023 mottok ho Møre og Romsdal Fylkeskommune sitt kunstnarstipend, og ho har også fleire pallplasseringar frå kappleikar og festivalar gjennom dei siste åra.

I 2024 er ho aktuell med sitt nye soloalbum "DÅM"

Logg inn for å legge igjen kommentar eller tilbakemeldinger.