Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Opprett profil Logg inn
...

Artist

Birgit Haukås

Birgit Haukås (f.1998) kjem frå Tinn i Telemark, og har sidan 2014 vore aktiv innan hardingfelespel og folkedans. 


Som ivrig kappleiksdeltakar har Birgit oppnådd gode resultat regional og nasjonalt, og under Landskappleiken på Gol i 2024 vart ho blant anna kvalifisert A-klassedansar. Birgit er ikkje berre utøvar, men brenn for opplæring og instruksjon av dans og spel. Ho har bakgrunn som tidlegare kulturskolelærar i dans, og hatt fleire kurs i dans og spel i inn- og utland, deriblant medvirkande i DKS i skulen og fleire turar til USA.


Birgit har studera bachelor i folkemusikk og master i tradisjonskunst, i tillegg til eit årsstudium i instrumentmaking ved Universitetet i Sørøst-Norge, campus Rauland. Her har ho hatt hovedfokus på tradisjon frå Telemark, og særlig frå Tinn. I tillegg til fokus på repertoar frå sitt heimeområde, ligg dansespelet hennar nært! Birgit har hatt fleire gode læremeisterar, blant anna Lars-Ingar Meyer Fjeld og Per Anders Buen Garnås i spel. I dans har Torbjørn R. Dokken, Unni Boksasp og Stian Roland vore viktige, og til stor inspirasjon.


Til vanleg jobbar Birgit som rådgjevar ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim.


Logg inn for å legge igjen kommentar eller tilbakemeldinger.