Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Opprett profil Logg inn
...

Artist

Amalie Kinsarvik Tvilde

Amalie Kinsarvik Tvilde er durspelar frå Kinsarvik i Hardanger. Ho er både soloutøvar, dansar og pedagog. 

Amalie Kinsarvik Tvilde (f. 1999) kjem frå Kinsarvik i Hardanger, og er ei av dei fremste utøvarane på durspel i Norge. Ho har utdanna seg ved Norges musikkhøgskole, og vart då den fyrste durspelaren som har blitt uteksaminert ved høgskulen.

 

Som durspelar har Tvilde allereie frå ung alder blitt introdusert for fleire ulike tradisjonsområder. Det har gjort at ho heile tida har hatt fokus på instrumentet, og det sine moglegheiter. Hardanger, Voss og Helgeland er dei tradisjonsområda som har stått i størst fokus. Repertoaret spenner seg frå bygdespel, runddans, dansemusikk, lydarslåttar og nykomponerte låtar for durspel, som utfordrar forskjellige sider av instrumentet. Alt på ein frisk, nyskapande og virtuos måte.

 

Tvilde har vunne fleire forskjellige prisar, mellom anna Vestland fylkeskommunes folkemusikkstipendDrømmestipendet og Årets Stjerneskot på Hardanger musikkfest.


Som pedagog har Amalie undervist på Strunkeveka, UngOsa, Storhelg i Hallingdal og Kalottspel. Ho har erfaring som pedagog både med vaksne, ungdom og born. Tvilde har også undervist i folkemusikk og folkedans på t.d. på Oslo by steinerskole, Høgskolen Innlandet og Norges musikkhøgskole.

Logg inn for å legge igjen kommentar eller tilbakemeldinger.