
Artist
Alexander Aga Røynstrand
Alexander Aga Røynstrand kjem frå Granvin i Hardanger. Han er både soloutøvar og pedagog. Han er òg nytta som dansespelemann, både solo og i ulike grupper.
Alexander Aga Røynstrand har dei siste åra markert seg som ein av dei aller fremste utøvarane på hardingfele i Noreg og kan smykke seg med tittelen Meisterspelemann. På Landskappleiken i 2019 gjekk han av med sigeren i A-klassa for hardingfele, og vann med det kongepokalen.
Hans musikalske uttrykk byggjer på det tradisjonelle hardingfelerepertoaret i Hardanger, med Knut Hamre og Anders Kjerland som dei fremste idealene. Han har likevel gjennom mange år som solo hardingfelespelar funne fram til personlige tolkingar og er særs oppteken av kva han ynskjer å formidle gjennom musikken sin til publikum.
Ambisjonane til Alexander er å kunne leve av og arbeide som soloutøver på hardingfele og slik også kunne vidareføre Hardangertradisjonen til dei neste generasjonane. Han ynskjer også å leggje til rette for at flest mogleg blir eksponert for folkemusikk og får kjennskap til denne fantastiske musikken.
Alexander er klar over at han aldri vil bli ferdig med å utforske tradisjonen sin og å videreutvikle sine eigne tankar rundt den, og sitt eige musikalske uttrykk - men seier at dette er en stor motivasjon for å fortsette som musikar.
ENGLISH:
In recent years, Alexander Aga Røynstrand has truly distinguished himself as a leading figure in the world of Hardanger fiddle players in Norway. He has earned the well-deserved title of "Master Fiddle Player," marking his exceptional skills and contributions to this traditional art form.
His remarkable journey culminated in a significant victory at the prestigious Landskappleiken, the Norwegian Championship in 2019, where he triumphed in the A-class for Hardanger fiddle, ultimately claiming the coveted King\'s Trophy.
Alexander\'s musical expression is deeply rooted in the rich and time-honored Hardanger fiddle repertoire of his native Hardanger region. Drawing inspiration from luminaries such as Knut Hamre and Anders Kjerland, he has embraced these esteemed musicians as his foremost ideals. However, over the years, his solo performances have allowed him to craft unique interpretations and convey his personal sentiments through his music.
Alexander\'s aspirations are twofold: first, to make a sustainable living as a solo performer, dedicating himself to the mesmerizing sounds of the Hardanger fiddle, and second, to ensure the preservation and passing down of the cherished Hardanger tradition to future generations. He ardently desires to bring the enchanting world of folk music to a broader audience, making it accessible to as many people as possible. To him, each new audience is a delightful challenge, and he takes it upon himself to introduce this enchanting music to a diverse array of listeners.
Alexander is keenly aware that his exploration of this rich tradition and the development of his own unique musical expression will be a lifelong endeavor. However, this journey serves as a powerful motivator for him, compelling him to continue his path as a dedicated and passionate musician.